fredag 20. januar 2012

Giveaway

Om de har lyst å bli inspirert, vil eg igjen nemne sida Signehjemmet - der kan du nett no også vinne eit nydeleg te-sett, Mano frå Kähler. Eg håpar å vere ein av vinnarane! Kanskje blir du den andre?:)

Sjekk kor nydeleg!


lørdag 14. januar 2012

Rydding og ro

Eit nytt år, og nye forventningar. Eg forsøker å begrense mine eigne forventningar, då eg til tider kan draume meg heilt vekk, og kanskje tilogmed bli litt skuffa når ting ikkje blir som eg førestiller meg. Eg prøver å unngå for mykje av det, he he.



I det nye året har eg behov for å rydde, både i tankar og i eige rot.
Ein ting som gir meg ro og sjelefred er å ha det ryddig! Det er ei av dei beste kjenslene, å setje seg ned i sofaen etter å ha rydda, vaska og organisert i ting rundt meg. Herleg! Det er ei av dei små gledene som gjer så godt.

Eg har handla inn arkivpermar, og mykje av utstyret for å halde orden hadde eg frå før. No har eg organisert, slik at papir og anna har kome i meir ordna formar. Me bur i ein midlertidig heim nett no, og det freistar difor ikkje å ta bileter. Me har ikkje kome heilt iorden, og når me det gjer, vil nok bilettakinga kome.

Eg kom over ein artikkel om rydding, og eg vart inspirert.
Sjekk den ut om du ynskjer å bli inspirert:) http://www.abctv.no/livet/2012/01/01/ryddetid

Artikkelen fann eg på bloggen Resignert. Eg har byrja å fylgje med på bloggen hennar, då ho blant anna er oppteken av gjenbruk.Ho har også ein ny blogg no, der ho har kjøpt hus i heimkommunen min, og skal pusse det opp. Sjekk ut Signe hjemmet også!

Kom inspirasjonen no?:)

onsdag 4. januar 2012

2012!



Då er me kome til januar og år 2012. Vinteren er her - eller den det? Det er haustleg ute, og ikkje mykje frost og snø å sjå.

Eg er klar for det nye året, og har stor tru på at det vil romme mykje nytt og spennande.
Ny bustad? Mange reiser? Ny jobb?



reiser - bolig - krokus - sjøskvulping - solstråler -

 urter - kaffi - sommarkjole

ord eg får glede av å tenka på no.



Eit nytt år får tankane og draumane i gang, og det er mykje eg ynskjer å gjere i år. Eg er god på å setje pris på dei små gledene i kvardagen, men eg ynskjer å bli meir bevisst på kva eg ynskjer å fylle dagane med. Det trur eg at eg skal få til - og no er eg allereie blitt meir medviten på det!

Kva tankar har du for året som kjem?

torsdag 1. desember 2011

1. desember!

Det er fyrste desember, eg kan ikkje forstå kvar den siste månaden vart av. Førjulskos er av det kjekkaste som er, tida der me gleder oss til jul. Gleda er ennå stor, sjølv om eg no er vaksen.

Det har regna og blese veldig den siste tida, det har ikkje vore noko vinterstemning i sikte. Heilt til idag... Lysa var tent i stova, fyr i peisen og te i koppen, då eg såg noko i sidesynet.... snøfiller! Det var vel strengt tatt regn med snø, men hjelpes! Det var kjekt å sjå! Og det på sjølvaste 1. desember. Kanskje julenissen fins likevel? Kjekt var det iallefall - og det kom meir (før det forsvann like fort...)


eit glimt av årets julegåver...

Julestemninga kjem snikande...

Eg ynskjer deg ei flott førjulstid!

Takk for no - kjære haust


















...på gjensyn!

mandag 10. oktober 2011

Haustfin dag!

Igjen, eit innlegg om den kjære hausten. Det må seiast at denne dagen var eksepsjonelt fin. Fredagen regna det og var grått, og me vakna opp til blå himmel og strålande sol. Det var rett og slett dagen for å gå på piknik!
I godt selskap vart nista laga klar og korga pakka, og turen gjekk til klosteret i nærleiken. Me kosa oss med kakao, rundstykker, boller og fruktknask.
Ein nydeleg dag!
Eg avsluttar med desse bileta frå turen.

Nista smakar spesielt godt ute i frisk luft..


Herlege omgivnader for piknik

fredag 7. oktober 2011

God fredag!

Eg har hatt ein deilig fridag, og den har blitt brukt til smått og stort. Helst smått, då eg eigentleg ikkje veit kvar dagen vart av. Det viktigaste var at det var ein god, avslappande dag. Ein joggetur fekk eg også til, ikkje verst berre det. Eg er ingen joggar, har aldri vore det, men no har eg fått sansen for det. Det er ikkje lange bitane eg jogger, men dei gjer godt:) Det er eitt grep å ta om ein ynskjer å få meir energi i kvardagen. Idag fekk eg kraftig motvind, og blada fauk sidelengs. Herleg rufsever!

Eg har eit tips, noko som gir meg energi i kvardagen...

Cottage cheese med frukt og kanel - Mmmmmums! Eg er ikkje særskilt glad i frukost, men dette får eg i meg. Banan, nektarin, eple, appelsin.... ta det du likar best! Godt, proteinrikt, vitaminrikt - herleg!

God helg til deg!:)

onsdag 21. september 2011

Haust - haustkos!

Det er omtrent det einaste eg har blogga om så langt, og no er den her, - hausten! Nett no har eg vore ute i sidelengs regn, eg gjekk på butikken for å handle inn jordbærsyltetøy. Det er kveld, og eg er ikkje så glad i syltetøy eigentleg, men kva gjer ein ikkje når den betre halvdel så gjerne ynskjer seg vaflar med syltetøy? Det er slettes ikkje kvar dag eg det ville gjort, men idag var rette dagen, og eg syns han fortener vafler med syltetøy på.
Om me har vafler eller anna knask, vil eg gjerne gjere det eit hakk sunnare, då det er betre for kroppen, og kjensla er betre etter å ha ete noko som er litt grovare. Eit tips er å byte ut litt av mjølet med havregryn eller anna grovt mjøl. Då mettar det meir, og kjensla er betre etterpå. Kanskje kan ein ete litt ekstra med litt betre samvit...:)

Om du vil overraske nokon du er glad i, prøv gjerne denne oppskrifta eg fann i Gyldendals store kokebok (med nokre små eigne justeringar) 

2 dl mjøl
1,5 dl havregryn
ca 50-80gr smelta smør
2 ts bakepulver
ein dæsj vaniljesukker
2 dl vatn
2 dl mjølk
Bland saman alt til ei jamn røre. Steik til dei er gyllenbrune. Server med det du likar, - friske bær, krem, syltetøy eller anna. Og det viktigaste.... kos deg!:)

Biletetet er lånt frå http://miljolare.no/

Medan eg stod her å steikte vafler, kom eg til å tenke på vaflestunder i besto sin hage. Besto hadde den finaste hagen, ein ekte eventyrhage med alle slags frukter og små gøymestader. På besøk tok ho gjerne ut vaffeljernet i hagen, og der sat me i herleg natur og åt vafler. Sukk! Gode barndomsminner. Kanskje vaffelsteiking får fram gode minner hos deg og!
Uansett, ha ein fin kveld, vaffelsteiking eller ei!

søndag 14. august 2011

H...t..- tør eg sei det?

Når eg køyrde idag, dansa lauva på vegen! Eg får ei slik frydefull kjensle når eg ser det, eg trur det må vera barnet i meg som kjem fram...:) Eg har tenkt at det må jo komma litt sommar til, litt meir varme, så me får lada kroppen før hausten kjem. Men det gjorde slettes ingenting, det var eit fint gjensyn. Nett no ser eg at det regnar sidelengs under gatelyset, og eg sit i sofaen og syns det er heilt greit. Me har mange slike dagar i vente, og om du lurar på korleis i alle dagar du skal klare det, les vidare.

(bilete lånt frå home-biba si bloggside...)



Finn fram dei finaste koppane, lag ein god te og set deg i sofaen.

Hiv på deg ein deilig ullgensar, kjenn kor varm og god den er (feks denne frå oasis-stores.com)
60s Textured Cape
Pakk deg inn i eit godt pledd, helst ull, då ull er gull;)

Om du står opp når det er mørkt ute, sjå på lysa i husa der andre har stått opp. Verda vaknar til liv, og du er ein av dei!

Invester i ytterklede som gjer deg glad, då lyser du opp, og gjer andre glad. Dagens gode gjerning!

Sjå dei fine fargane hausten bringer med seg - legg merke til blada som dansar.

Smil til dei rundt deg - kanskje dei også klarar å sjå det fine med hausten.

På solskins-haustdagar, kle deg godt og set deg ut med ein kopp kaffi. Nyt solstrålene, dei gjer så godt!

Om ikkje noko av dette får deg til å setja meir pris på hausten, vel... prøv igjen.
Hausten er flott!

mandag 8. august 2011

Draumetips!

Her er forresten eit kjempetips - sjekk ut www.sitoscana.no!

Eg såg dei på GodMorgenNorge for fleire år sidan, og har etter det meldt meg på deira nyhendebrev.
Sjå berre her... Vinhausting, plukking av oliven... mat-og urtekurs... nyte vin og kvarandre i herlege italienske småbyar.. sukk!
Draumen er å reise på ein slik tur. Mat, vin, gode lukter og gode folk.
Om du ikkje reiser, draum deg vekk slik som eg til stadighet gjer:)
Eg avsluttar med desse bileta frå sida deira (håpar det går greit å låne). Nyt!


 

Ny start

Det er mykje som skjer nett no. Det likar eg, samstundes som det er litt skummelt. Me, sambuar og eg, kjente at me ville ha forandring, og me gjorde rett og slett noko med det. Livet er for kort til å berre lure på det, det gjeld å leva og gjer det ein ynskjer når ein har mogleik til det. Klisjefylt, men så veldig sant. Kva er det som gjer livet rikt eigentleg?




Draumar er viktig å ha. Dei treng ikkje vera uoppnåelege. Små grep kan gjere stor forskjell. Berre det å sei til seg sjølv at ein skal smile meir. Det gjer deg sjølv godt, og folk rundt deg. Smil, kjenn etter. Gjorde ikkje det godt, vel?:) Eg er så naiv, og eg meinar det eg seier no, at fleire klemmar og omsut hadde gjort verda betre. Ein klem varmar godt, og å sjå dei rundt seg kan få positive verknader. Ein klem til dagen gjer godt for sjela og magen!

søndag 7. august 2011

Ah... sol!

Eg sat inne i ettermiddag og såg på regnet som lava ned. Brått kom sola fram, og eg reiv kaffikoppen med meg og satte meg ut på terrassen. Like fort som sola kom, forsvann ho att. Men dei herlege, få strålene, dei gjorde godt, dei. Slik haldt det på ei stund. Sola kikka fram, og den for like fort. Eg tok meg sjølv i å glise breitt kvar gong sola varma i fjeset. Ei solstråle her og der gjer så ufatteleg godt. Eg kjenner at kroppen treng desse få, deilige strålene.


Eg er veldig glad i hausten, og eg gledar meg verkeleg til den kjem, men likevel... den gleda eg kjente ved desse få solstrålene, eg har tenkt mykje på dette no i ferien. Ein dag har eg vore på stranda. Ein liten dag. Men ein deilig dag. Me treng å lade. Kroppen treng sol. Eg trur ein her på vestlandet set ekstra pris på slike solstråler. Det er ikkje til å stikke under ein stol, vêret er ustabilt til tider. Me kan ha fire årstider på ein dag. Men, det er jo litt herleg det også? Det hadde vore kjedeleg om vêret var det same heile vegen. Har det vore varmt ei stund, luktar alt så godt om det kjem ein liten regnskur. Luktene i naturen kjem ennå betre fram, og det er som om roen senkar seg i skogen. Det må seiast at underteikna er glad i regn. Alt vêr eigentleg.



Når det riv og ruskar, vinden ular, regnet piskar, då er det fint. Om du ikkje har hatt ein tur ute i skikkeleg ruskevêr, er mi anbefaling å prøve det. Kle deg i gode klede, gå på og ta inn alle inntrykka. Det gjer godt for både kropp og sjel, og når du kjem heim kan du hive på deg tørre klede, for så å setje deg godt ned i sofaen med godt samvit. Deilig!

No draumer eg meg vekk til ruskedagar, medan det eg eigentleg ville sei i dette innlegget var så godt det er med sola som varmar. Sjølv om det berre er for ei lita stund. Ta vare på dei gode små augeblikka. Dei gjer så godt! Sola var framme ei god stund etterpå, men er no vekke att.


Ha ein fin kveld!

lørdag 6. august 2011

Verkeleg?

Eg sit her skrekkslagen. Har eg verkeleg laga meg ein blogg?? Eg veit ikkje om eg kjem til å skrive noko her. Det eg veit er at eg vert inspirert av å lesa andre sine bloggar. Kanskje kjem eg til å leggje ut litt etter kvart, som igjen kan inspirere andre. Kven veit?:) Ha ein fin kveld der ute, om du les dette eller ei.