Eg har hatt ein deilig fridag, og den har blitt brukt til smått og stort. Helst smått, då eg eigentleg ikkje veit kvar dagen vart av. Det viktigaste var at det var ein god, avslappande dag. Ein joggetur fekk eg også til, ikkje verst berre det. Eg er ingen joggar, har aldri vore det, men no har eg fått sansen for det. Det er ikkje lange bitane eg jogger, men dei gjer godt:) Det er eitt grep å ta om ein ynskjer å få meir energi i kvardagen. Idag fekk eg kraftig motvind, og blada fauk sidelengs. Herleg rufsever!
Eg har eit tips, noko som gir meg energi i kvardagen...
Cottage cheese med frukt og kanel - Mmmmmums! Eg er ikkje særskilt glad i frukost, men dette får eg i meg. Banan, nektarin, eple, appelsin.... ta det du likar best! Godt, proteinrikt, vitaminrikt - herleg!
God helg til deg!:)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar