Når eg køyrde idag, dansa lauva på vegen! Eg får ei slik frydefull kjensle når eg ser det, eg trur det må vera barnet i meg som kjem fram...:) Eg har tenkt at det må jo komma litt sommar til, litt meir varme, så me får lada kroppen før hausten kjem. Men det gjorde slettes ingenting, det var eit fint gjensyn. Nett no ser eg at det regnar sidelengs under gatelyset, og eg sit i sofaen og syns det er heilt greit. Me har mange slike dagar i vente, og om du lurar på korleis i alle dagar du skal klare det, les vidare.
(bilete lånt frå home-biba si bloggside...)
Finn fram dei finaste koppane, lag ein god te og set deg i sofaen.
Hiv på deg ein deilig ullgensar, kjenn kor varm og god den er (feks denne frå oasis-stores.com)
Pakk deg inn i eit godt pledd, helst ull, då ull er gull;)
Om du står opp når det er mørkt ute, sjå på lysa i husa der andre har stått opp. Verda vaknar til liv, og du er ein av dei!
Invester i ytterklede som gjer deg glad, då lyser du opp, og gjer andre glad. Dagens gode gjerning!
Sjå dei fine fargane hausten bringer med seg - legg merke til blada som dansar.
Smil til dei rundt deg - kanskje dei også klarar å sjå det fine med hausten.
På solskins-haustdagar, kle deg godt og set deg ut med ein kopp kaffi. Nyt solstrålene, dei gjer så godt!
Om ikkje noko av dette får deg til å setja meir pris på hausten, vel... prøv igjen.
Hausten er flott!
Her er forresten eit kjempetips - sjekk ut www.sitoscana.no!
Eg såg dei på GodMorgenNorge for fleire år sidan, og har etter det meldt meg på deira nyhendebrev.
Sjå berre her... Vinhausting, plukking av oliven... mat-og urtekurs... nyte vin og kvarandre i herlege italienske småbyar.. sukk!
Draumen er å reise på ein slik tur. Mat, vin, gode lukter og gode folk.
Om du ikkje reiser, draum deg vekk slik som eg til stadighet gjer:)
Eg avsluttar med desse bileta frå sida deira (håpar det går greit å låne). Nyt!
Det er mykje som skjer nett no. Det likar eg, samstundes som det er litt skummelt. Me, sambuar og eg, kjente at me ville ha forandring, og me gjorde rett og slett noko med det. Livet er for kort til å berre lure på det, det gjeld å leva og gjer det ein ynskjer når ein har mogleik til det. Klisjefylt, men så veldig sant. Kva er det som gjer livet rikt eigentleg?
Draumar er viktig å ha. Dei treng ikkje vera uoppnåelege. Små grep kan gjere stor forskjell. Berre det å sei til seg sjølv at ein skal smile meir. Det gjer deg sjølv godt, og folk rundt deg. Smil, kjenn etter. Gjorde ikkje det godt, vel?:) Eg er så naiv, og eg meinar det eg seier no, at fleire klemmar og omsut hadde gjort verda betre. Ein klem varmar godt, og å sjå dei rundt seg kan få positive verknader. Ein klem til dagen gjer godt for sjela og magen!
Eg sat inne i ettermiddag og såg på regnet som lava ned. Brått kom sola fram, og eg reiv kaffikoppen med meg og satte meg ut på terrassen. Like fort som sola kom, forsvann ho att. Men dei herlege, få strålene, dei gjorde godt, dei. Slik haldt det på ei stund. Sola kikka fram, og den for like fort. Eg tok meg sjølv i å glise breitt kvar gong sola varma i fjeset. Ei solstråle her og der gjer så ufatteleg godt. Eg kjenner at kroppen treng desse få, deilige strålene.

Eg er veldig glad i hausten, og eg gledar meg verkeleg til den kjem, men likevel... den gleda eg kjente ved desse få solstrålene, eg har tenkt mykje på dette no i ferien. Ein dag har eg vore på stranda. Ein liten dag. Men ein deilig dag. Me treng å lade. Kroppen treng sol. Eg trur ein her på vestlandet set ekstra pris på slike solstråler. Det er ikkje til å stikke under ein stol, vêret er ustabilt til tider. Me kan ha fire årstider på ein dag. Men, det er jo litt herleg det også? Det hadde vore kjedeleg om vêret var det same heile vegen. Har det vore varmt ei stund, luktar alt så godt om det kjem ein liten regnskur. Luktene i naturen kjem ennå betre fram, og det er som om roen senkar seg i skogen. Det må seiast at underteikna er glad i regn. Alt vêr eigentleg.

Når det riv og ruskar, vinden ular, regnet piskar, då er det fint. Om du ikkje har hatt ein tur ute i skikkeleg ruskevêr, er mi anbefaling å prøve det. Kle deg i gode klede, gå på og ta inn alle inntrykka. Det gjer godt for både kropp og sjel, og når du kjem heim kan du hive på deg tørre klede, for så å setje deg godt ned i sofaen med godt samvit. Deilig!
No draumer eg meg vekk til ruskedagar, medan det eg eigentleg ville sei i dette innlegget var så godt det er med sola som varmar. Sjølv om det berre er for ei lita stund. Ta vare på dei gode små augeblikka. Dei gjer så godt! Sola var framme ei god stund etterpå, men er no vekke att.
Ha ein fin kveld!
Eg sit her skrekkslagen. Har eg verkeleg laga meg ein blogg?? Eg veit ikkje om eg kjem til å skrive noko her. Det eg veit er at eg vert inspirert av å lesa andre sine bloggar. Kanskje kjem eg til å leggje ut litt etter kvart, som igjen kan inspirere andre. Kven veit?:) Ha ein fin kveld der ute, om du les dette eller ei.