Eg er veldig glad i hausten, og eg gledar meg verkeleg til den kjem, men likevel... den gleda eg kjente ved desse få solstrålene, eg har tenkt mykje på dette no i ferien. Ein dag har eg vore på stranda. Ein liten dag. Men ein deilig dag. Me treng å lade. Kroppen treng sol. Eg trur ein her på vestlandet set ekstra pris på slike solstråler. Det er ikkje til å stikke under ein stol, vêret er ustabilt til tider. Me kan ha fire årstider på ein dag. Men, det er jo litt herleg det også? Det hadde vore kjedeleg om vêret var det same heile vegen. Har det vore varmt ei stund, luktar alt så godt om det kjem ein liten regnskur. Luktene i naturen kjem ennå betre fram, og det er som om roen senkar seg i skogen. Det må seiast at underteikna er glad i regn. Alt vêr eigentleg.
Når det riv og ruskar, vinden ular, regnet piskar, då er det fint. Om du ikkje har hatt ein tur ute i skikkeleg ruskevêr, er mi anbefaling å prøve det. Kle deg i gode klede, gå på og ta inn alle inntrykka. Det gjer godt for både kropp og sjel, og når du kjem heim kan du hive på deg tørre klede, for så å setje deg godt ned i sofaen med godt samvit. Deilig!
No draumer eg meg vekk til ruskedagar, medan det eg eigentleg ville sei i dette innlegget var så godt det er med sola som varmar. Sjølv om det berre er for ei lita stund. Ta vare på dei gode små augeblikka. Dei gjer så godt! Sola var framme ei god stund etterpå, men er no vekke att.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar